Dødsannonse er ein bekreftelse/kunngjering frå dei næraste, at dødsfallet har skjedd.
Når familien og gravferdsbyrået møtast for ein planleggingssamtale, hjelper byrået med utforminga.
Vi sender annonsa til avisa eller avisene som er ønsker å få den inn i.
Det er vanleg å sette dødsannonsa inn i lokalavisa så snart ein veit tid og stad for seremonien.
Ein kan og velge å ikkje informere om tid og stad, dersom ein ønsker at sermonien skjer i det stille med nær familie til stade.
Nokon ønsker å sette den inn i andre aviser der familien har mykje familie og bekjente.
På denne måte blir dødsfallet kjent for venner, arbeidskollegaer, naboar, skulevenner med flere.

I dødsannonsa kan ein og gi informasjon om eventuelle gaveinnsamling.
Det er vanlig å sette kontonr /Vippsnr i annonsa.

Den kan settes inn på trykk og i nettavis.
Når gravferdsbyrået hjelper med utforming og innsending av dødsannonse, oppretter vi samtidig ei minneside til avdøde.
Ei minneside er ein respektfull, verdig og informativ side, der kjente og kjære kan gå inn å lese dødsannonsa, bestille blomster, eller skrive ei hilsing til familien.
Då er annonsa tilgjengeleg med ein gang på Google.
Annonsa og minnesida kan lett delast i sosiale medier om familien ønsker å gjøre det. Familien kan lett slette minnesida i ettertid, om ein ønsker det.