Tilkall næraste legevakt.
Dersom hemesjukepleien er involvert er det gjerne dei som kontaktar legen.
Når legen har våre på staden og undersøkt den døde, blir familien bedt om å ta kontakt med gravferdsbyrået.
Gravferdsbyrået kjem til dødsstaden. Det er mest vanleg at vi legger den døde på båre, og transporterer den døde til næraste kjølerom.
Nokon ønsker av gravferdsbyrået hentar den døde med ein gang, mens andre ønsker å ha avdøde heime ei tid, så familien kan samlast for en siste avskjed.

Vi er tilgjengelege heile døgnet på telefon om dere trenger hjelp, eller har spørsmål.

Dersom dødsfallet er meir uventa vil politiet rutinemessig sjekke dødsfallet.
Politiet vil då avgjere om dei krever ein rettsleg obduksjon. I så fall vil dei be begravelsesbyrået ordne med transport av den døde til der obduksjonen skal finne stad. Politiet dekker kostnadar dette måtte medføre.

Dersom politiet ikkje rekvirerer transport, står pårørande fritt til å kontakte oss for å hente avdøde.
Skjer dødsfallet meir enn 20 km frå naturleg gravstad, dekker NAV utgiften til båretransport i Skandinavia.

Skulle dødsfallet skje utanfor Skandinavia blir det forsikringsselskapet som dekker utgiftene til båretransport – NAV dekker kun innanfor Skandinavia.
Egenandelen ved transportstønad endrer seg kvart år. Ta kontakt med gravferdsbyrået for info og hjelp med søknad.